søndag 28. juli 2013

Styvi - Årdal

Det er dags

For siste etappe inn til Årdal.
Me forlet Styvi med utsikt mot Dyrdal.
Dyrdal, dalen som i gamal tid var senter for jakt på storvilt, og eit yrande handelssenterom hausten då dyr skulle fangast og slaktast. Til og med serveringsstad med skjenkerett for øl og brennvin var på plass her inne på den tida.

Ville fossar

Slepp vatnet rett ombord i båten sprutar no større og finare ned fjellveggane enn før.
Det blir villare og brattare.
Og trangare.

Små gardsbruk

Med ein liten fjøs og ei falleferdig brygge ligg som perler på ei snor innover fjorden

Saman med 

Overdådige gods med engelske hagar. Og eigen butler.
Som her i Frønningen.

Storslått er det

I Frønningen.

Innover mot Årdal 

Dukkar Seimsdalen opp

Og Vikadalen.

Eller Natvik, som den også vert kalla. Av framandfolk.

Elvis skimtar heimbygdi

Men lengtar kanskje allereide ut fjorden att?
Berre litt.
Det er tid for ein god kvil  på hytta, litt høgt oppe i fjellheimen no.
So skal me ut at fjorden.
Årdalsfjorden og Sognefjorden

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar