mandag 24. juni 2013

Arnfinn frå Randøysund

Arnfinn - Heimebryggar

Arnfinn er ein av dei heldige som har hus i Skippergata. Han er gammal motorsykkelentusiast og opptatt av at me skal ta godt vare på kloden vår. Etter mange år i motorsykkelklubb arbeider Arnfinn no som miljøarbeider med fokus på energigjenvinning. Og så driv Arnfinn med heimearbeid. Kortreist mat. Eller nærare bestemt kortreist drikke. Ein ekte entusiast altså.
Elvis har brukbar erfaring på både kort- og langreist drikke, etter mange reiser både i eige og andre land. Men la det være sagt; Arnfinn er ein bryggemeister. Elvis meinte at Arnfinn burde kopiera Arne Brimi, og laga ein "Randøysund dram", krydra med lokale urtar. Eller ein "Skippergata" dram. Men etter å ha tenkt over saki ei natt ekstra kom Elvis til at drammen burde heite; Arnfinn! Ekte dram. Ekte heimelaga dram. Kortreist, miljøvennleg og bærekraftig.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar