Turen


«Eg skal tåla mest. Nei, eg skal tåla mest»

heiter det i visa til Ivar Medås. Han syng om ein sognamann og forherda halling som kom i krangel om ein hest. Holingen og Elvis kom aldri i krangel om ein hest. Saken var at dei begge to hadde utfartstrang. På vegen frå Hol og Årdal traff dei på eit kvinnfolk. Kvar si. Heldigvis. Hadde det vore same dama hadde det nok endt som i visa te Medås’n, er eg redd for. No hadde det seg slek at dei to Askeladdane traff på kvar si søster. Og slek gjekk det at Holingen og Elvis møttes. Mang ein kveld har seinare gått med til sjå kven som tåler mest. Den kampen er enno ikkje avgjort, sjølv om Elvis meiner at han ledar. Men det gjere Holingen òg. Nok om det. Under ein slek kamp om å tåla mest, kom karane i snakk. Det endte med at desse to, som i alle år har vore på utreise tenkte at det kunne vera på sin plass med ei heimreise. Holingen, verdensvant med eigen Harley Davidson og seglbåt som har vore på alle hav, blei som vanleg sittande å gruble over korleis detta skulle gå til. Elvis, som berre så vidt hadde høyrt om folk som reiste på noko dei kalte jordomseiling, men elles var ein kvikk kar, tenkte at det var vel litt mykje for ein heimekjær sogning å reise jordi rundt for å koma heim. Kva om me tok ein slek ein fjordomseiling forslo han. So er me liksom litt nærmare land. Holingen tykte detta var saker. Og slek, over ein sigar og ein stiv dram sovna begge, i vissheit om at Kysten rundt - med Holingen og Elvis var bestemt. Framleis var det ikkje avgjort kven som tålte mest.




Steder vi planlegger å besøke:

Kragerø:

Kom med forslag om steder mellom Kragerø og Randesund.

Randesund:

Kristiansand:

Lindesnes:

Stavanger:

  • Om Stavanger
  • Kart

Skudeneshavn:

Skånevik:

Bekkjarvik:

Skjerjehamn:

Finnefjorden

Vik

Vangsnes

Balestrand

Mundal

Fresvik

Gudvangen

Aurland

Flåm

Underdal

Steigen

Solvorn

Marifjøra

Urnes

Kroken

Lærdal

Offerdal

Natvik


Årdal:

  • Om Årdal
  • Kart

Haugesund: 

  • Om Haugesund
  • Kart

1 kommentar: