torsdag 20. juni 2013

Hilberg

Hilberg.
Eller Korneliussen som Elvis kallar han.
Hilberg, den einaste i norge med dette navnet, traff me på Peterhead bar i gjestehavne i Risør.
Hilberg er eigentleg fra Andøya, men flytta sørover med kona for å få det litt varmare i livet. Det angra han aldri på.
No er Hilberg enkemann. Men trivest og lever i beste velgåande.
Eit oppkome av gode historiar, reflekterte meiningar, og ikkje minst; glødande oppteken av lokalsamfunnet og landet me bur i.
I tillegg er Hilberg oppfinnar.
Takk skal du ha Hilberg for ein svært hyggeleg prat. Me snakkast som avtalt på returen. Gjerne over ein middag hos "tantene" på Lyngør.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar