mandag 24. juni 2013

Lennart frå Randøysund

Lennart - Båt- og syrefastentusiast

 Som alle  i Randøysund tydelegvis har til felles kom også Lennart innom med ei hjelpande hånd.
Med bustad i sjølvaste Skippergata, det opprinnelge Randøysund, er det sjølvsagt heilt naturleg at Lennart er imøtekommande, blid og fornøgd døgnet rundt. Det var han heile sankthanshelgi. Både Holingen og Elvis er bombesikre på at Lennart er like imøtekommande, bild og fornøgd året rundt. Lennart er også båtentusiast. Han veit mykje om det mest om gamle trebåter. Spesielt dei med semi-diesel. Og så er Lennart syrefastentusiast. Og tru det eller ei; Lennart er produsent av både vatn-, septikk-, og dieseltankar i syrefast stål ombord i Ariel. Og Lennart er venn av Kjetil Lerstad, eigaren av Ariel før Holingen tok over eigarskapet i 1999. Om Holingen hadde draumar om å lære meir om Ariel på turen Kysten Rundt med Elvis, så gjekk desse draumane over alle draumegrader sjølvaste laurdagskvelden, før Sankthans. I 2013. På ein Bavaria 37 Sport. Sånn cirka mellom kl 2100-2400.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar