mandag 24. juni 2013

Tor frå Randøysund

Kapteinen Tor

Det hender i eit live at ein treff på folk som berre er snille, kloke og gode. Som berre vil andre vel. Som ikkje berre gjer alt dei kan for å få folk til å trivast. Men dei ser slik ut òg. Snille, kloke og gode.
Tor er ein slik kar.
Ved sidan av å væra avmønstra kaptein etter 15 år på båtar som gjekk i oljetransport fra Nordsjøen til ulike delar av Europa, er han no glad og fornøgd stabssjef på ein plattform i Nordsjøen. Og lettmatros på ein flott Bavaria 37 Sport.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar