mandag 24. juni 2013

Torstein frå Randøysund

Torstein

Torstein er gitarist og båtbyggar. Og ektemann.
Det siste gjorde at han måtte utsetta livsdraumen sin om å segle båten sin til Svalbard. Men det blir nok ei råd med den saken.
Torstein har brukt meir enn 4000 timar over 10 år på å gjere eit tomt plastskrog om til ein sjøsterk havseglar. Med isolerte skrog og doble vindauger. For å tåla kulden der nord.
Etter at Torstein skaffa seg kjering, Fekk fokuset på båten eit litt anna preg. No sist har han montert sjøvdesigna peis. Fleire andre elegante detaljar og praktiske løysinger i båten sikrar nok at kjeringi te Torstein blir med på turen heilt nord i Norge. Til Svalbard.
Kanskje får  Mikke bli med òg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar